Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Skitalentet Eirik Fykse (19) frå Husnes driv med såkalla «jibbing» eller «free skiing», som er ei undergrein av freestyle skikøyring. Foto: Aleksander Espevik

To 10.-plassar

www.kvinnheringen.no: Eirik Fykse (19) frå Husnes fekk to 10.-plassar i greinene «Slopestyle» og «Big Air» under Norwegian Open denne helga.

Oppdatert 18.01.2012 kl 14:02

I helga gjekk første runde av twin tip-cupen Norwegian Open av stabelen i Geilo.

Laurdag konkurrerte Eirik i greina «Slopestyle», der han hamna på ein 10. plass av 22 deltakarar. I denne greina måtte deltakarane gjennom ein bane beståande av to hopp og to rails. Deltakarane hadde to «run», der beste poengsum tel mest for sluttplasseringa.

– I min klasse konkurrerte eg med dei som er best i Norge, derfor er eg ganske nøgd med eigen innsats med tanke på at dei fleste går på skiskular og har sjanse til å trena kvar dag. Eg synest eg fekk litt lite poeng samanlikna med nokon av dei som var framfor meg, og det var fleire som klaga litt på dømminga, seier Eirik.

Søndag konkurrerte han i greina «Big Air» der Eirik også fekk ein 10. plass. Eigentleg skulle deltakarane gjennom tre run, men på grunn av det milde vêret fekk dei berre to run fordi hoppet var blitt mindre.

Det er første gong Eirik deltek i Norwegian Open, og alt i alt fortel han at han hadde ei flott helg.

– Uavhengig av resultata var det kjekt å vera med og henga med venner som eg ikkje ser så ofte. Eg fekk ikkje fri for å reisa til USA i år men har sjansen til å kapra litt poeng i Norgescupen på neste runde i Hafjell når nokre av konkurrentane er i USA, flirer Eirik.

Sport

Æresmedlem

Tre raske menn

Tap og siger for Trio

Sterkt av Trio

Sterk tredjeplass

Nøgd trass tap

Sport

Æresmedlem

Tre raske menn

Tap og siger for Trio

Sterkt av Trio

Sterk tredjeplass

Nøgd trass tap

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale