Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Fotballtalentet Tina Abdulla (14) frå Husnes er ei av dei heldige jentene som vart plukka ut til å delta på Dallas International Girl Cup i mars. Foto: Mona Grønningen

Til USA for å spela fotball

www.kvinnheringen.no: Tina Abdulla (14) frå Husnes er handplukka til å få vera med Bergensklubben Arna Bjørnar til Dallas, Texas.

Oppdatert 14.01.2012 kl 07:00

Der skal ho og jenteakademiet til Arna Bjørnar delta i Dallas International Girl Cup og møta dei beste jentelaga frå USA, Canada og Europa.
– Eg er med på krinslaget i Hordaland, og reiser til Bergen kvar tysdag for å trena. Det var slik eg vart plukka ut, fortel Tina.
– Tina er ein kjapp og flink fotballspelar som er brukt som spiss på krinslaget. Vi trur ho kan gjera ein god jobb for laget under cupen i Dallas, seier sportskoordinator i Arna Bjørnar, Sigmund Tunes.

Fredag 30. mars reiser Tina og dei andre jentene frå Arna Bjørnar ned til eit ti dagars opphald i Dallas der dei skal bu hos vertsfamiliar frå dei lokale laga. I tillegg til trening og å spela kampar får dei oppleva mykje spennande.
– Eg synest det er ein fantastisk sjanse å få og eg vart veldig overraska over å få vera med på laget til Arna Bjørnar. Eg hadde eigentleg lyst å reisa på språkreise til USA, men så vart det for dyrt. No får eg reisa likevel, og eg gler meg utruleg mykje, seier Tina oppglødd.

Sport

Æresmedlem

Tre raske menn

Tap og siger for Trio

Sterkt av Trio

Sterk tredjeplass

Nøgd trass tap

Sport

Æresmedlem

Tre raske menn

Tap og siger for Trio

Sterkt av Trio

Sterk tredjeplass

Nøgd trass tap

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale