Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Denne helga skal Eirik Fykse (19) frå Husnes i elden i skicupen Norwegian Open. Foto: Aleksander Espevik

Deltek på Norwegian Open

www.kvinnheringen.no: Denne helga deltek Eirik Fykse (19) frå Husnes i skikonkurransen Norwegian Open.

Oppdatert 12.01.2012 kl 10:13

Eirik driv med såkalla «jibbing» eller «free skiing», som er ei undergrein av freestyle skikøyring. Laurdag og søndag deltek han i første runde på twin tip-cupen Norwegian Open i Geilo.

Eirik skal delta i to konkurransar i juniorklassen med utøvarar frå 16 til 19 år; slopestyle på laurdag og bigair på søndag.

– Slopestyle er ein grein som no faktisk skal vera med i vinter-OL i Sotsji, Russland, i 2014 for første gong. I denne greina må triksa gå i eitt, og du får berre to «run» altså løp, der den beste poengsummen av dei to tel mest. I Big Air hoppar du på hopp og får tre run, der det beste tel mest, forklarar Eirik.

Det er første gong han deltek i konkurransen.

– Eg har ikkje konkurrert så mykje tidlegare, derfor kan eg ikkje ha så alt for høge forventningar. I denne første runden samlar ein poeng som ein tek med seg vidare i cupen, førsteplass gir 100 poeng medan 31. plass og nedover gir eitt poeng. Norwegian Open kan vera ei moglegheit til å bli teke ut til landslaget og koma seg til VM og OL. Landslaget er ikkje gjennom skiforbundet, men to klubbar i Oslo har samarbeid med Olympiatoppen, seier Eirik.

Les om Eirik sine resultat i Norwegian Open i onsdagsavisa neste veke.

Sport

Æresmedlem

Tre raske menn

Tap og siger for Trio

Sterkt av Trio

Sterk tredjeplass

Nøgd trass tap

Sport

Æresmedlem

Tre raske menn

Tap og siger for Trio

Sterkt av Trio

Sterk tredjeplass

Nøgd trass tap

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale