Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Karoline Dyrhol Slenes skåra åtte mål i bortekampen mot Askøy søndag. (Arkivfoto).

Slo Askøy på bortebane

www.kvinnheringen.no: Etter det skuffande bortetapet laurdag klarte Kvinnherad å snu trenden. Søndag vann dei borte mot Askøy, men ikkje heilt problemfritt.

Oppdatert 09.01.2012 kl 13:00

Søndag møtte handballdamene til KHK Askøy i bortekamp, og ville reisa seg etter det tunge tapet mot Sotra dagen før.Etter ei jamn opning der laga følgde kvarandre tett dei første ti minuttane overtok KHK meir og meir og fór ifrå.
– Det meste fungerte, både framover og bakover. Vi hadde ein fin rytme i angrep og eit aggressivt forsvar. Då vi gjekk i garderoben til pause leia vi med seks mål, og vart samde om å halda fram slik, fortel trenar Arne Lindeflaten.

Men slik blei det ikkje. I andre omgang rakna det litt for Kvinnherad.
– Vi hadde utruleg sløvt forsvarsspel og sleppte Askøy alt for godt inn i kampen. Dei fekk scora som dei ville, og midtvegs i omgangen låg dei berre eitt mål bak oss. Då tok vi ein timeout og måtte ha full skjerping. Det lukkast vi delvis med. Askøy hang med heilt til det var fem-seks minutt att av kampen.

Det vart siger til KHK, men Lindeflaten ser for seg ein tøff periode for handballdamene framover.
– Det var godt å få reisa seg etter Sotratapet, men vi slit når vi har så mange spelarar ute med skade. Det vil bli tungt framover, seier han.

Sport

Æresmedlem

Tre raske menn

Tap og siger for Trio

Sterkt av Trio

Sterk tredjeplass

Nøgd trass tap

Sport

Æresmedlem

Tre raske menn

Tap og siger for Trio

Sterkt av Trio

Sterk tredjeplass

Nøgd trass tap

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale