www.kvinnheringen.no: Skiskytarjentene Ingri Hovland (12) og Vilde Netland (15) frå Hatlestrand kan vera godt nøgde med eigen innsats i Kvalfossprinten laurdag.
Kvalfossprinten gjekk av stabelen i helga, og renna gjekk føre seg i VM-løypene i Holmenkollen, Oslo. Rennet er for utøvarar i aldersklassen 13 til 16 år.
Laurdag deltok Ingri og Vilde i sprintrennet. Ingri deltok i 13-årsklassen,
der ho vart nummer 21 av heile 66 deltakarar. Ho hadde fem treff av ti
moglege og gjekk i mål på tida 15.32 – 2, 19 sekund bak førstemann.
Vilde deltok i 15-årsklassen i sprinten, der ho vart nummer 19 av 41
deltakarar. Ho hadde åtte treff av ti moglege og gjekk i mål på tida 15.16,
02.26 bak førstemann i mål.
Ingri deltok i normalrenn seinare på søndagen, og korleis det gjekk kan du
lesa om i onsdagsavisa.