www.kvinnheringen.no: Frida Berge tok søndag bronse på 1500-meter under juniorlandskampen på Island.
Frida Berge (16) frå Ølve var i helga på Island og konkurrerte i juniorlandskampen. Ho sprang 1500 meter på tida 4.37.36 og sikra seg dermed bronsemedalje.
Landskampen er ei årleg hending der U20-utøvarane i Norden konkurrerer om kven som har det beste laget av Norge, Sverige, Finland, Danmark og Island, og samstundes konkurrerer i ein nordisk meisterskap.
– Eg er veldig fornøgd, dette er det nest beste løpet eg har gjort. Eg tok det ganske rolig i starten, og så drog eg på hardare dei siste to rundane. Det vart det jo utteljing av, fortel Berge til Kvinnheringen.