Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Halsnøy vann dei fleste duellane, og knuste Kopervik 2 med 6-1 som sluttresultat. Foto: Sjur Tjelmeland

Banka Kopervik 2

www.kvinnheringen.no: Halsnøy banka Kopervik 2 i kampen på Sæbøvik torsdag kveld.

Oppdatert 27.08.2010 kl 11:39

Spelet var litt smånervøst i første omgang, men etter at heimelaget leia 2–0 etter eit kvarter i andre omgang, roa heimelaget seg og tok kontrollen. Men det varte ikkje så mange minuttane før Kopervik 2 greidde å redusera til 2 –1. Det var ein usikker situasjon i kampen, og heimelaget skrudde opp tempoet og vann dei fleste duellane.

Trenar og keeper Ingvar Hølland er naturleg nok godt nøgd med kampen. Erik Steinsbø er ein god midtstoppar, unge Kjell Arne Brigtsen klarte seg òg bra. Arnljot Hvidevoll er stadig ein solid spelar, og Jonas Hølland gjorde òg ein god jobb.

På laget er det fleire ungdomar, og Hølland reknar med at dei skal vera med og prega fotballen på Halsnøy dei næraste åra.

Førre kampen gjekk òg godt for halsnøylaget, det vann 1–0 over Veavågen.

Sport

Enda på 10. plass

Sleit for sigeren

Tre kretsmeistrar

Ny KHK-siger

7. plass i NM

Snudde kampen

Sport

Enda på 10. plass

Sleit for sigeren

Tre kretsmeistrar

Ny KHK-siger

7. plass i NM

Snudde kampen

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale