www.kvinnheringen.no: Rosendal klarte ikkje å karra til seg dei sårt trengde poenga då dei møtte Fusa i går kveld og tapte 3–4.
Etter 13 spelte minuttar scora Fusa, og leda 1–0. Rosendal hadde mange sjansar, og til slutt utlikna Tommy Røssland til 1–1. Mot pause vart Fusa aggressive, og forsvaret til Rosendal rakna. Fusa fekk enda eit mål, og leda 2–1 til pause.
Trenar for Rosendal, Trond Inge Haugland, beskriv andre omgang slik:
– I byrjinga av andre omgang spelte vi veldig bra. Vi hadde mange målsjansar, og det er synd at vi ikkje får utteljing. Så fekk vi eit leit straffespark mot oss, og etter det tok Fusa heilt over kampen, fortel han.