www.kvinnheringen.no: Nærmare 500 ungdomar i alderen 10-12 år har i helga vore aksjon på Husnes, under det årlege fotballarrangementet Husnes Cup.
Dette er det tiande året den populære cupen blir arrangert.
– Det har gått kjempefint, og me er strålande nøgde. Me var litt bekymra då me såg dei dårlege vêrmeldingane, men me har vore heldig og hatt opplett under dei fleste kampane, seier Are Ulseth, som er leiar i Trio si ungdomsavdeling.
Meir om Husnes Cup kjem i onsdagsavisa.