Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Dette kommunale bygget som ligg sentralt til ved sjø i Sæbøvik sentrum, er eit av dei mange kommunale bygga som vil bli lyst ut for sal. Foto: Arne Lindeflaten

Kommunen vil selja hus

www.kvinnheringen.no: Kvinnherad kommune førebur sal av rundt 30 bygg, spreidde over heile Kvinnherad.

Oppdatert 22.02.2012 kl 13:36

Eit utval har i lang tid gått gjennom den kommunaleigde bygningsmassen. Til neste møtet i formannskapet vil politikarane få på bordet ei innstilling som omhandlar sal av ei rekkje bygningar.

– Vi trur at eit sal av denne bygningsmassen vil gje ei inntekt på rundt 30 millionar kroner til kommunen, seier Ole Torbjørn Holmedal (FrP).

Han er eitt av medlemene i utvalet som har vurdert den kommunale bygningsmassen.

Bygga er spreidd over heile kommunen og består av både sentrumsnære burettslag-husvære og einebustader.

– Fleire av dei er nokså nedslitne og treng ei opprusting, meiner Holmedal.

Blant bygningane som vil bli lyst ut for sal er det tidlegare administrasjonsbygget til Fjelberg Kraftlag som ligg ved sjø, sentralt i sentrum av Sæbøvik. Kommunen kjøpte denne eigedomen der det seinare vart drive barnehage.

– Dette bør vera ein attraktiv eigedom, kanskje den flottaste av dei vi skal lysa ut for sal, trur Ole Torbjørn Holmedal.

I Neslia i Rosendal eig kommunen fem husvære. Tre av desse vil bli lyst for sal no, dei to andre på sikt.

Salet av bygningsmassen kan altså generera inntekter på rundt 30 millionar i kommunekassen. Men det er ikkje dermed slutt på pengemangelen innan skule, helse- og omsorg eller andre verksemder. Fortenesta av hussalet kan ikkje puttast inn i den ordinære drifta.

Les meir i dagens papirutgåve av Kvinnheringen.

Nyhende

Send oss 17. mai-bilde!

Framleis pærebrann

Ryddepatrulje

Trafikkuhell på Utåker

Kua fjerna frå rådhuset

Arrestert for narkotika

Nyhende

Send oss 17. mai-bilde!

Framleis pærebrann

Ryddepatrulje

Trafikkuhell på Utåker

Kua fjerna frå rådhuset

Arrestert for narkotika

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale