www.kvinnheringen.no: Torsdag kveld gjorde den kraftige vinden at to store furutre rotvelta i Sundsteigen, like ved eit bustadhus.
Inne i stova sat Line Elisabeth Seljeseth utan å høyra trea som dundra i bakken. Men ho blei litt forskrekka då det lysna av dag. Begge trea låg tvers over gangvegen som borna hennar nyttar når dei skal ta bussen. Toppen på ein treet ligg ned på gardsplassen, der ein bil brukar å stå parkert.
– Heldigvis stod bilen litt lenger borte på plassen i går kveld, seier Line.
Litt rart er det at desse trea har gått over ende i syd-austen, for begge trea stod nede i ein skråning godt skjerma for nett den vindretningen.