Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Elevane ved 7. trinn har så kaldt klasserom at dei må ha på seg ytterjakker innandørs. Foto: Mona Grønningen

Sit inne med ytterjakker

www.kvinnheringen.no: På Uskedalen skule er romma så kalde at elevar og tilsette må ha på seg ytterklede innandørs.

Oppdatert 26.01.2012 kl 13:09

– Eg frys sjølv om eg har boblejakke på meg, seier elev Frida Nybakk (12) på 7. trinnet.
– Eg har fleecejakke og varme klede under jakka, og no sit eg med ei ekstra jakke oppå beina for ikkje å frysa, fortel elev Karen Pedersen Brede (12).

For kaldt til å arbeida
Torsdag var det uhaldbare høve ved Uskedalen skule. Det er spesielt i klasseromma, rektor sitt kontor og arbeidsrommet til lærarane i den eldste delen av skulebygget det blir iskaldt. Kulda er ikkje eit problem der småskulen held til i den nye delen av skulen som vart pussa opp for rundt ti år sidan.
– Vi har hatt det kaldt lenge, men når vinden blæs slik som no blir det ekstra gale sjølv om alle omnar er på. Vinden blæs liksom rett gjennom, vi har ikkje lufting her og det er dårleg isolert. Vi tilsette klarar ikkje å sitja på arbeidsrommet og jobba, og då vi prøvde å setja på ekstra varmeomnar fór straumen, fortel verneombod Hilde Bringedal.

Kontaktlærar for 7. trinn, Aud Jorunn Seim, seier den låge temperaturen går ut over undervisninga.
– Undervisninga blir amputert når elevane sit og frys og ikkje klarar å konsentrera seg. Det er meir fokus på kor kaldt det er enn kva fag vi held på med. Slik det er no får elevane vera inne i friminutta, dei kan ikkje gå ut når dei har sete med ytterklede inne. Det er verkeleg ikkje kjekt å komma på jobb og skulen når det er slik, seier ho.

Renovering snarast
Verksemdsleiar ved Uskedalen skule, Marie Elisabeth Kaldestad, har no informert både hovudverneombod og kommunalsjef Asbjørn Skår om situasjonen.
– Retningslinjene seier at temperaturen i klasseromma skal vera mellom 19 og 26 grader. I dag, torsdag, har vaktmeister frå Teknisk etat målt i to klasserom, og der var temperaturen berre 19 og 17 grader. Arbeidsrommet til lærarane hadde 13 grader. Vi må jo heile tida vurdera om det er forsvarleg å ha det slik, og det er det på kort sikt dersom elevane kan ha meir klede på seg og vi skrur opp varmen på omnane. Men dette kan ikkje halda fram lenge. Renoveringsplanen ligg klar, det er sett av fem millionar kroner, og planen er at arbeidet skal byrja i løpet av 2012. Dette arbeidet må settast i verk snarast, presiserer verksemdsleiaren.

Nyhende

Kommunen vil selja hus

Mange råka av straumbrot

Lyst og lekkert

Tar over som tannlege

Pass opp for glatt veg

Ny nettstad med turstiar

Nyhende

Kommunen vil selja hus

Mange råka av straumbrot

Lyst og lekkert

Tar over som tannlege

Pass opp for glatt veg

Ny nettstad med turstiar

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale