Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Frå forvaltningskomiteen si synfaring onsdag. Den omdiskuterte trappa til høgre i bildet. Foto: Ivar Vaage

Får ny sjanse

www.kvinnheringen.no: May Britt Skarveland på Valen får ny sjanse til å rydda opp i ikkje omsøkte byggetiltak på friområde i Porsvik.

Oppdatert 26.01.2012 kl 08:43

Rådmannen og den tidlegare forvaltningskomiteen var klare i domen sin:

Den ikkje omsøkte trappa til sjø, ein overbygd sitjeplass, kaianlegget og flytebrygga i friområdet må rivast. Men etter synfaring på staden, gjev den nye forvaltningskomiteen utbyggjar ein ny sjanse.

– Det er gjort ein feil, men den vart gjort for 15 år sidan. Kaien er ikkje noko negativt for friområdet. Det som peikar seg ut, er rekkverket til trappa. Hadde det fått ein annan farge, så er det ingen som hadde sett dette, meinte Bjarne Berge (H).

Ifølgje verksemdsleiar Tormod Fossheim, var det dette byggverket som peika seg klarast ut i negativ lei for arbeidsgruppa som skulle behandla ikkje omsøkte tiltak. Både kaien og trappene vert eksponert på ein negativ måte, hevda Fossheim.

Men forvaltningskomiteen gjev no utbyggjar ein ny sjanse. Innan tre månadar må det utarbeidast eit nytt forslag til løysing frå utbyggjar, det må òg vera positivt for ålmenta. I og med at dette vert ein dispensasjonssøknad skal fylkesmannen ha eit ord med i laget.

Les meir om saka i papirutgåva fredag.

Nyhende

Kommunen vil selja hus

Mange råka av straumbrot

Lyst og lekkert

Tar over som tannlege

Pass opp for glatt veg

Ny nettstad med turstiar

Nyhende

Kommunen vil selja hus

Mange råka av straumbrot

Lyst og lekkert

Tar over som tannlege

Pass opp for glatt veg

Ny nettstad med turstiar

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale