Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Pizzakveldane i Valen kyrkje har vore populære. På søndag blir det familiegudsteneste i same stil, og med kyrkjekaffi og spel for ungane etterpå. Bildet er frå ein pizzakveld i fjor, her speler Ludvik Mathias Grasdal (6) og Mathias Tvedt (6) fotballspel. (Arkivbilde).

Annleis gudsteneste

www.kvinnheringen.no: Søndag ettermiddag kan du vera med på ei litt annleis gudsteneste i Valen kyrkje.

Oppdatert 09.02.2012 kl 11:01

I eit og eit halvt år har det vore arrangert Pizzakveldar i Valen kyrkje to laurdagar i halvåret. Dette tiltaket har vore svært godt motteke av både born, ungdom, vaksne og eldre. Søndag ettermiddag blir det ei gudsteneste i Valen kyrkje som har sitt utspring frå desse Pizzakveldane, ei familiegudsteneste med litt annleis og enklare preg enn ei vanleg gudsteneste. «Størst av alt» er mottoet på ei trusopplæringsreform som kyrkja har jobba med i fleire år. Denne gudstenesta i Valen kyrkje søndag ettermiddag har me difor kalla for ei «Størst av alt»-gudsteneste.

Etter ei kort samling inne i kyrkjerommet kan alle som vil vera med på ein hyggjeleg kyrkjekaffi og det vert sett fram ulike spel og aktivitetar for borna. Kom og ta del i litt av det same fellesskapet som me opplever på Pizzakveldane, lokkar Husnes kyrkjekontor.

Kultur

Send oss 17. mai-bilde!

Seigmen til Uskedalen

Stedje på laurdag

Fargerik elevutstilling

Mykje folk på Kjeldestøl

16. mai-kveld for ungdom

Kultur

Send oss 17. mai-bilde!

Seigmen til Uskedalen

Stedje på laurdag

Fargerik elevutstilling

Mykje folk på Kjeldestøl

16. mai-kveld for ungdom

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale