Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
Også i år blir det kapproing på Sundsvågen. Bildet er frå kystdagen i fjor. Foto: Jonn Karl Sætre

Kystdagane på Sunde

www.kvinnheringen.no: Laurdag 11. og søndag 12. september er det kystdagar på Sunde.

Oppdatert 02.09.2010 kl 08:55
Arrangørane byr på eit omfattande program og byr på ei rad ting for store og små å vera med på. Blant dei som kjem er kjendisen Elias frå Redningsselskapet, ein liten båt som dei minste kan prøva. Opsangervågen veteranbåtlag viser fram mykje fint, kystlaget har utstilling og på lakseslakteriet Vikingfjord er det open dag. Kystlaget inviterer publikum til å vera med på kapproing og å ta roknappen, Sunde skule byr på kanopadling og gamle båtmotorar står på utstilling. Marit Elisebet Totland viser maleri med kystmotiv. Forfattar Lars Amund Vaage held ei innleiing når kystdagane tek til om laurdagen. Husnes skulekorps er med og Marit Elisebet Totland skal snakka om oppvekst prega av kystkultur. Atle Hansen kjem med kabareten Ei kvartmil frå land og Ingrid Grønstøl inviterer til forteljarstund. Artisten Erlend Bratland underheld om ettermiddagen. Om kvelden er det arrangement i båthuset med Bjørn Jensen frå Vinskvetten før Irish stew spelar til dans.

Kultur

Mottok pengegåve

Annleis gudsteneste

Satsing på lokal mat

Kunstnarleg festivalopning

Kulturelt bokbad

Snøleik og bålkos

Kultur

Mottok pengegåve

Annleis gudsteneste

Satsing på lokal mat

Kunstnarleg festivalopning

Kulturelt bokbad

Snøleik og bålkos

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale