Sky ikon
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
...
John Cunningham og Ingeborg Dugstad Sanders i performance under klosterdagane for tre år sidan.(Arkivfoto)

Gatekunst på klosteret

www.kvinnheringen.no: Halsnøy kloster byr på flyktige og moderne uttrykk mellom 700 år gamle murar.

Oppdatert 01.09.2010 kl 14:18
Gatekunst, eller «street art» som er det opphavlege namnet, er eit flyktig fenomen. Kva det inneber kan ein oppleva på Halsnøy kloster på Kulturminndagen søndag 12. september. Elevar og lærarar ved Sunnhordland folkehøgskule, med gatekunstartisten John Cunningham i spissen, kastar seg ut i kunstarten på klostertunet. Dei byr på «måling» av gatekunst på dei gamle klostermurane, performance, konsert og fotodokumentasjon av lokal og internasjonal gatekunst, går det fram av pressemeldinga frå klosteret i høve Kulturminnedagen. Framsyninga har fått namnet «Nytt liv i gamle kulturminne». Uttrykka i gatekunsten er ofte kunstnarlege, humoristiske og med ein politisk brodd. Eller dei kommenterer noko vi alle kjenner oss igjen i. – Gatekunst er noko som dukkar opp og forsvinn igjen. Kva skjer når dette flyktige uttrykket møter dei sju hundre år gamle klostermurane på Halsnøy? Kva ny meining er det her som blir skapt? spør pressemeldaren og svarar sjølv: – Ved å la to totalt ulike kulturutrykk møtast, kan det skapa ny refleksjon kring begge. Kjenner vi John Cunningham og skulemiljøet på folkehøgskulen rett, kan dette bli ei stilig, elegant og sjeldan oppleving.

Kultur

Mottok pengegåve

Annleis gudsteneste

Satsing på lokal mat

Kunstnarleg festivalopning

Kulturelt bokbad

Snøleik og bålkos

Kultur

Mottok pengegåve

Annleis gudsteneste

Satsing på lokal mat

Kunstnarleg festivalopning

Kulturelt bokbad

Snøleik og bålkos

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Lokale bildeseriar
KONTAKT OSS
Vakttelefon: 53482131
Sentralbord: 53482130
redaksjon@kvinnheringen.no
Kvinnheringen, 5460 Husnes

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale